Innlegg

Viser innlegg fra april 16, 2007

Debutantpost

Eg er slett ikkje heilt sikker på kvifor eg begir meg ut på dette, men trangen til å hive tankar ut i det store tomrommet som kalles Internet er åpenbart ei urkraft på linje med seksualdrift, menns trang til raske bilar, og ikkje minst pub-diskusjonar. Avisene er fulle av kollektiv masturbering over det eine internett-fenomenet etter det andre. Blogspots, facebooks, beebo, blink, møteplassen, gud veit kva... for ikkje å snakke om alle video-spottane. Det verkar som om verda er på full fart til helvete i ei handlevogn. I mi tid som student var eit av kriteria for å vere sosial at man faktisk MØTTE andre mennesker, at man var ute på byen, på puben, at man deltok i studie-aktivitetar og at man var AKTIV. Ikkje om man hadde ein profil på den eller den sida på internett, eller om man la alle sine fadeser ut på sidene sine. No vil sikkert kjennarar av meg påpeike at eg kastar stein i glashus her. Vi hadde eit "intranett" som vi leika oss litt med på studentblokkene der vi budde, de...