onsdag 30. april 2014

FRP vurderer folkeavstemning om Nynorsk

Toleransen og openheita til eit samfunn kan ofte målast i korleis det oppfører seg mot sine minoritetar.
Det er ikkje fleirtalet som treng beskyttelse i eit ope samfunn, det er mindretalet. Dersom dei verkeleg var så fast bestemt på at man kun skulle ha eitt skriftspråk her i landet, så kan dei gjere denne folkerøystinga enkel:

Alternativ 1: Behalde dagens ordning.

Alternativ 2: Avskaffe sidemål heilt, men for å beskytte mindretalet så vel man nynorsk som det eine samlande skriftspråket.

Det ville vore interessant å sett kor stor oppslutning FRP fekk om folkerøystinga si då.

Samisk er eit urspråk, og skal sjølvsagt ikkje rørast.

Forøvrig seier eg som Øverland: "Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!"

onsdag 5. mars 2014

Artikkelen "Det sureste tapet" og etterfølgande debatt

Omlag like sikkert som at vinter lakkar mot vår, så er det unge gutar og jenter som etter ein lang vintersesong med ski eller handball no byrjar å glede seg til graset blir grønt og dei igjen kan behandle ball slik den skal behandlast! Med føtene.

Og dessverre, like årvisst er det og at det kjem slike historiar som dei som har komme i kjølvatnet av journalist Sissel Wessel-Hansen sin kommentar i Nordlys: Det sureste tapet
og oppfølgingsartikkelen i Nettavisen: Foreldre og trener plukket ut de beste guttene – og reiste på turnering i all hemmelighet.

Dette er dessverre ein realitet for mange lag og spelarar ute i lag over heile landet, at man blir offer for skjæringa mellom ønsket om å produsere den beste spelaren, og det å produsere flest mogleg spelarar. Overambisiøse foreldre, trenarar med hemmelige draumar, og klubbar med uklare prioriteringar, er berre noko av det som spelar inn.

Noko av det viktigaste ein kan få hamra inn i hovudet på alle dei trenarane og foreldrene som jo er sjølve motoren i det frivillige idrettsnorge er dette: Det er ikkje deira jobb å produsere elitespelarar! Den jobben skal eliteklubbane ta seg av. Deira jobb er å legge til rette for at flest mogleg spelar fotball, lengst mogleg.

Breiddeklubbane skal stå for breidda. Det er ikkje akkurat rakettforskning!

Ein del av problemet er jo at "storklubbane" i ein region, anten det er det lokale 1 eller 2. divisjonslaget, regionens adecco-lag, eller kanskje tippeliga-laget har hatt ein tendens til å skape steile frontar mellom seg og klubbane rundt seg, utan å sjå at det er nettopp dei som er stigen dei står på for å nå den høgda dei til no har nådd.

Om me ser føre oss klubb A, som kanskje spelar i Tippeligaen. Det er utsprunge av eit klassisk norsk idrettslag, og har dermed eit elitelag, eit rekrutt/juniorlag, og ei breidde-avdeling som har aldersbestemte klassar. Det er lett å tenke seg at "rekruttering, det gjer vi frå eigen breidde-avdeling", men det er korttenkt.
For i nærområdet ligg kanskje klubbane B til F, som alle spelar i samme divisjon som rekrutt/juniorlaget deira.

Det vil då vere bortimot idioti å skape rivalisering mellom seg og desse klubbane, i staden for å sjå på dei som ein forlenga del av si breidde. Sei at man inngår ei samarbeidsavtale mellom klubb A og B til F:

1. Klubb A, som har ressursar og kompetanse, deler denne ved at trenarar/kompetansepersonell frå dei andre klubbane får hospitere hjå klubb A, eller trenarar frå klubb A kan komme ut til dei andre klubbane på rundtur.
2. Spelarar frå klubbane B - F kan trene med/hospitere hjå Klubb A. Dersom klubbane meinar dei har eit stortalent på gang, så kan dei be om slik hospitering.

Ikkje berre vil dette gi klubb A ein svært god oversikt over kva som skjer i klubbane rundt, men det vil kun ha gode effektar på deira eige rekrutt/juniorlag. For kva er det verste som kan skje?
Spelar frå klubb B - F er anten såpass god at klubb A synes han kan vere noko å satse på, og dei tar han til seg mot kompensasjon = BRA for klubb B - F, BRA for klubb A.
Spelar frå klubb B - F er ikkje så bra at klubb A vil satse på han, men han reiser tilbake til B - F med meir erfaring og er kanskje litt betre enn han var, noko som gjer motstandaren til Klubb A sitt Rekruttlag/juniorlag eit bittelite hakk betre = BRA for Klubb B - F, BRA for Klubb A.

Alt som kan betre kvaliteten på serien spelarane spelar i er med på å produsere betre spelarar for Klubb A.

Når det gjeld breiddeklubbane, som er klubbane B - Å, så er deira primære oppgave å sørge for at alle landets divisjonar og avdelingar er fyllt opp med gutar og jenter som har det gøy på alle nivå.

lørdag 27. august 2011

Crash and Burn - norske lag si europacup-erfaring.

Europacupane er ikkje eingang komme ordentleg i gang men alle dei norske laga har styrta brennande ut av turneringane.

Sjølv vårt eingang så solide flaggskip Rosenborg er no trygt tilbake i den solide norske tradisjonen, og rauk ut mot obskur motstand. Aalesund, som lenge såg ut til å klare det dei andre ikkje klarte, gjekk ut med stygge siffer.

Og ikkje før alle dei norske laga har vendt heim med halen mellom beina så kjem den nødvendige, viktige og akk så einspora debatten om Norsk Toppfotball(tm) og kvaliteten på laga i Tippeligaen.

Først ute var Nils Johan Semb, som seg hør og bør, sidan han er Toppfotballsjef, med ansvar for kvaliteten. Han hevdar at antall lag i Tippeligaen er årsaken, vi må tilbake til 12 lag. Dette vil føre til ei spissing av kvaliteten og derved gjere dei beste laga betre. Vi må sjå til Skottland, Austerrike og Danmark, og kopiere deira seriesystem, med færre lag og gjerne trippel serie.

Deretter har dei komme i tur og orden. Dag Eilif Fagermo har ei anna vinkling:

"Talentarbeidet er kjernen. Det må mer penger og ressurser inn i ungdomsfotballen. Den må rett og slett bli mer profesjonell slik den er i de store fotballnasjonene. I Norge drives stort sett hele breddefotballen av mammaer og pappaer" seier Fagermo til NRK.

Resten av landes "autoritetar" på fotball kvitrar mykje på samme sang som Semb, utan at dei heilt kan klargjere kva som skal føre til at topplaga i Norge plutseleg blir mykje betre av å møte dei samme laga tre gangar i staden for å ha dagens ordning.

Vi har hatt 12-lags serie. Vi har hatt 14-lags serie. Vi satte ikkje fyr på Europa då heller. Eg tvilar svært mykje på at vi ved eit trylleslag havnar blandt dei 12 beste fotballnasjonane i Europa (NFF sitt mål) ved å kopiere seriesystemet til fotballstormaktene Skottland, Danmark og Austerrike. Eventuelle fans av nevnte land får ha meg unnskyldt, men med unntak av Celtic og Rangers, så er vel ikkje akkurat kvaliteten på skotske lag noko å juble alt for høgt over? Og Austerrike og Danmark? Dei er ikkje målestokken vår! I såfall er målestokken vår å bli marginalt betre enn det vi er no!

Baby steps, jada. Lære å krype før man går, etc, Jada. Men dersom man ikkje har eit langsiktig og litt "hårete" mål om å eingang springe, så endar man opp med å krype. Alltid.

Fagermos poeng om grasrota er derimot svært viktig. Han påpeikar noko av det som er særnorsk, og nær kjernen av problemet. Svært mange av trenarane på aldersbestemte nivå er foreldre, slektningar eller engasjerte ungdommar. Det er BRA, men det som ikkje er bra er at dei svært ofte manglar formell utdanning/kurs. Dei manglar aktivitetsleiarkurs, trenarkurs og den nødvendige faglige ballasten som skal til for å verkeleg kunne vere effektive fotballtrenarar. Gode nok til å sette ut kjegler og nokre ballar og sette igang treninga, ja. Men ikkje til å vere talentutviklarar.

NFF og fotballkrinsane har omreisande talentutviklarar som skal hjelpe klubbane med dette arbeidet, men som med så mykje anna her i dette landet så blir dette kutta ned på, og dei får større og større område å dekke. Sjølvsagt er dette eit spørsmål om kroner og øre. Men alle som har hatt eit snev av kontakt med talentarbeid veit at det er ikkje eit arbeid som blir gjort ein gang i halvåret. Det skjer kvar dag på treningsfeltet, der hundrevis av timar og litervis av svette blir lagt ned av ivrige fotballspelarar i alle aldrar, under det vaktsome overoppsynet til ein for dårleg opplært trenar.

Enkelte verkar framleis å leve i den absurde villfarelse at norske fotballspelarar ikkje kan lære teknikk på samme nivå som ein nederlendar, spanjol eller ein brasilianar. Eller for himmelens skyld, ein danske.  La oss rydde unna det umiddelbart: Det er ingenting fysiologisk, genetisk, geografisk eller klimatisk som skulle tilseie at ikkje Ola Nordmann kan bli like god som kven som helst andre.

Så når ikkje årsakene er fysiologiske, genetiske, geografiske eller klimatiske, så må det jo vere forhold vi kan utlikne i større eller mindre grad?

Vi kan byrje med å sørge for at vi stiller krav til at alle som blir trenar for aldersbestemte lag SKAL (ikkje bør, ikkje kan) gjennomføre kurs i regi av fotballkrinsen i løpet av første sesong dei er trenar. 

Dei SKAL ha kurs som er tilpassa til det nivå dei trenar på. Og ansvaret for dette må flyttast frå klubb til krins. Klubbane melder alt inn til krinsane kven som trenar kva for lag. Det bør vere ei smal sak å henge på eit felt med kvalifikasjon. Da bør det ikkje vere noko problem for krinsane å sende ut påmelding til alle trenarar som manglar det nødvendige kurset.

Vil så dette kunne gi oss ein Ronaldo, ein Messi? Nei, truleg ikkje. Men det VIL heve det generelle nivået på "produksjonen" av fotballspelarar. Og det vil forhåpentlegvis gi talentutviklarane eit betre grunnlag å jobbe med.

Semb og dei andre forkjemparane for færre lag i serien argumenterar med at den auka mengden lag i eliteserien fører til at talenta slepp for lett til:

"Det er ikke riktig å hevde at talentene er blitt dårligere. Forskjellen på norsk klubbfotball i dag og for noen år siden er at nivået i eliteserien er blitt dårligere og derfor er det lettere for unge talenter å slippe til. Akkurat det gjør ikke norsk klubbfotball mer konkurransedyktig med tanke på europacup-spill" seier til dømes Tor Ole Skullerud til NRK.

Det blir og av fleire forkjemparar for færre lag i serien samtidig sagt at man må sørge for at den norske sesongen blir så lang som råd, med så mange kampar som råd, mot så god motstand som råd.

Right. Skullerud skulle jo vite kva han snakkar om, sidan han har vore trenar for  G19 og U21-landslaget.
Men, no må vi holde to tankar i hovudet samtidig. Talentarbeidet, og kvalitetshevinga, skal produsere TO sluttprodukt: Gode tippeligalag, OG eit godt landslag.
Ein skulle kanskje tru at det andre følger automatisk av det første? Not so.

Skullerud argumenterar for færre lag ved å påpeike at klubbane treng større stallar pga alle kampane, men ikkje har økonomi til å kjøpe "eldre og etablerte" spelarar frå utlandet, og må sleppe norske talent til. Og dette blir sagt av ein talentutviklar som om det er ein DÅRLEG ting at talent får sjansen?

Ok. La oss ta Semb:

Færre lag, like mange kampar. Dette vil føre til at klubbane (dei 12, heldige 12) framleis må ha like store stallar. Dei vil då (som dei alt no gjer) støvsuge stallane til klubb 13-25 for dei største talenta, noko som gjer at dei vil få mykje mindre speletid. (Første-ellever og 4-5 til vil spele mykje, stallen lite)

Så ein spelar som til dømes Ole Jørgen Halvorsen, som spelar fast i Sogndal i dag, ville vore stallspelar i Rosenborg, Vålerenga eller Brann, med begrensa speletid. Og dette skulle gjort han betre? Og døme på spelarar framfor han i køen på dei laga: Guastavinho, Luton Shelton, Boti Goa. Eg beklagar Semb, men dette får eg ikkje til å gå opp. Det vil ikkje gjere dei tre laga betre, og det vil ikkje gjere landslaget betre.

Skullerud då, han har vel mange gode poeng?

Vel, han går jo direkte imot Semb sitt argument om at vi må få FLEIRE kampar med høgt nivå. Han vil ha færre lag i eliteserien, men samtidig færre kampar, slik at klubbane treng mindre stallar.

Det verkar som om det er konsensus blandt besserwisserane om at det er for LETT å vinne tippeligaen for tida...  Jaha. Det må vere derfor ingen andre enn Rosenborg har klart å vinne to år på rad dei siste hundre-og-fjaksten åra. Hadde det vore LETT, så skulle vel Stabæk klart å kopiere året etter? Enn Brann? Vålerenga?

Men no er vi nær sjølve problemet her. Rosenborg trona øverst på trona i eit tiår, medan eit kobbel av utfordarar kjempa om plassane bak. Var det dei samme utfordrarane år for år? Nei, det var det ikkje:

I 2000:
1.        Rosenborg 
2.      Brann
3.      Viking

I 2001:
1.        Rosenborg 
2.      Lillestrøm
3.      Viking

I 2002:
1.        Rosenborg 
2.      Molde
3.      Lyn

I 2003:
1.        Rosenborg 
2.      Bodø/Glimt
3.      Stabæk         

I 2004:
1.        Rosenborg 
2.      Vålerenga
3.      Brann

I 2005:
1.        Vålerenga 
2.      Start
3.      Lyn

I 2006:
1.        Rosenborg 
2.      Brann
3.      Vålerenga

I 2007:
1.        Brann 
2.      Stabæk
3.      Viking

I 2008:
1.        Stabæk 
2.      Fredrikstad
3.      Tromsø

I 2009:
1.        Rosenborg 
2.      Molde
3.      Stabæk

Og altså i 2010:
1.        Rosenborg 
2.      Vålerenga
3.      Tromsø

Ser vi eit mønster? Det har altså høyrt til unntaka at eit lag som havna på sølv eller bronseplass faktisk tok medalje i det heile året etter, og i enkelte år var medaljevinnarar frå året før i direkte nedrykksstid! Stabæk tok bronse i 2003, og rykka ned i 2004. Så når man då tar den suverene nr 1 ut av likninga, så står man igjen med ustabiliteten som tidlegare råda rundt 2 og 3 plass, men no på topp av tabellen. Så å påstå at den bingotabellsituasjonen vi har no i dag er NY er heilt feil. Den har berre vore skjult bak RBK  i 20 år. Lag som har gått på smell etter smell i forsøket på å ta igjen den suverene einaren, slik at eit år med relativ suksess (medalje) så godt som alltid blei fulgt av eit kriseår, økonomisk og sportsleg. Det einaste laget som har klart medalje 3 år på rad var Vålerenga i 2004, 2005 og 2006, men det blei fulgt av ein 7. plass, 10. plass og 7. plass dei neste tre sesongane.

Dette handlar altså ikkje om 10, 12, 14 eller 16 lag, men om å få stabilitet inn i klubbane. Få ambisjonsnivået til dei ulike klubbane på rett nivå, og i samsvar med den økonomien dei har, slik at dei unngår å overstrekke seg, med påfølgande krise. Det er ikkje ein einaste klubb i norsk fotball som har fått den arbeidsro som skal til for å la ein klubb VOKSE seg god. Alle har forsøkt å kutte svingar, ta kjappe løysingar, og komme utviklinga i forkjøpet.  Og dei har fått svi for det.

Kjetil Rekdal er i ferd med å la Aalesund vokse seg gode, steg for steg.
Mons Ivar Mjelde hadde eit bra fundament i Brann, men fekk fyken ved første antydning til motgang.
Aalesund har eit stykke fram før dei kjenner motgang nok til å sparke Rekdal, og eg håpar inderleg dei har vett nok til å la det vere!
Martin Andresen har sitt prosjekt, som han forsøker å bygge langsiktig. Men Oslopublikummet er omtrent like kravstort som dei i Bergen, dei ytrar det berre på andre måtar. Og presset er ikkje mindre på Martin no når dei møter motgang. Men igjen, dei må vere bortimot gal om dei sparkar Andresen no.

Så kvifor er ikkje dei norske klubbane gode i Europa? Enkelt. Man må ØVE seg god. Man ØVER seg ikkje god ved å spele europacup ein gang i tiåret. Ved å få gjentatte opplevelsar i europa vil dei (som RBK gjorde) lære seg å bli gode. Ved å få 2000-tallets bonanza-ledelse UT av styreromma, og få folk med fornuft INN igjen i styre og stell, så vil fornuften igjen få råde. Dei største klubbane vil i kraft av sin gravity ta sine plassar på tabellen, og vil få dei anledningane til å øve seg gode i Europa.

Lars Bohinen var tidlegare i år ute og påpeika at norske lag i større grad må stikke fingeren i jorda og erkjenne kva som er deira plass i hierarkiet. Dette betyr absolutt ikkje at klubbane skal vere fornøyd med tilværelsen i botn/midten av tabellen, men det betyr at ein må erkjenne at det er der man er, og at det tar langsiktig og naudsamt arbeid for å endre dette. Ellers endrar man opp som Stabæk, med ein klubborganisasjon som ikkje er skalert i forhold til REALITETEN rundt klubben, men i forhold til DRØMMEN rundt klubben.

Det idelle for klubbfotballen, landslaget, talentutviklinga og alt er at man har eit stabilt format. Ikkje at man endrar det etter forgodtbefinnande, berre fordi ein har fått nokre nasetjuvarar ute i Europa.
I dette stabile formatet vil det vere ei toppgruppe, eit midtparti og eit botnparti. Det vil vere noko men _lite_ utskifting imellom desse, og klatring skjer via sjikt, ikkje i hopp over.
Ja, Tippeligaen ville blitt litt meir forutsigbar og "kjedelig". Men med ei fungerande toppgruppe vil det vere reell konkurranse, dei beste klubbane vil rullere på å vinne serien, og det vil vere lettare for klubbleiing og eigarar å unngå å få apoplektiske anfall som medfører idiot-investeringar pga. at dei ikkje klarte å vinne akkurat i år. Det vil medføre at dei samme spelargruppene vil få eksponering for europacupfotball, og få tid til å øve seg gode i dette også.

All den storheit det skotske landslaget nokonsinne har hatt har dei basert på det engelske ligasystemet, ikkje sitt eige. Og i Austerrike sitt tilfelle er det Bundesliga som har vore pådrivaren. Det er der dei har hatt sine beste spelarar, og det er der dei har gått i lære.

Skal vi sjå på andre nasjonar og ta lærdom, så la oss ta lærdom av dei BESTE, ikkje dei middelmådige!

søndag 12. desember 2010

TV2 Premier League - 6 months on.

I april var eg ganske kritisk til at TV2 hadde vunne retten til å vise Premier League, og at Canal+ var ute. Eg såg med skrekk fram mot ein kopi av fotballxtra-opplegget dei har rundt Tippeligaen, med flåsete kommentarar, studiovertar og gjester som var meir ute etter å skape kontroversar enn å faktisk gjere det dei skal, promotere og fronte "the beautiful game".

Eg har eit par kamelar å svelge.

TV2 har ikkje gått i denne fella. Endå.
Dei har levert eit produkt som er godt på høgde med det Canal+ gjorde, dei har holdt det sakleg, undervisande og underhaldande. Gode studiogjester, og samarbeidet med Sky gjer at dei får godt bakgrunnstoff.
Men dette er no. Dette er "First fix free, my friend".  Det gjenstår endå å sjå kva som blir resultatet når neste sesong skal rulle i gang. Vil dagens tre kampsponsorar Komplett, Chess og Dressmann bli til fire? Så fem? Seks? Vil studio-sekvensane i pausen krype nedover mot tippeligaens snitt på 1,08, eller enda verre, mot VM-sendingane sitt 0,47 sekund?

Eg håpar og trur at dei høge herrar i TV2 ser verdien i å ha eit høgkvalitetsprodukt, og ikkje berre eit masseproduksjonsprodukt som det dei har i Tippeliga-sendingane sine. Det er masse rom til å forbetre og vidareutvikle det dei har komme med til no. Det har vore ein god start, Alexander Schou, Claus Lundekvam og fleire har komme inn som friske pust, Bohinen er like god på analyse som han var på soloraid, og studioverten er iferd med å finne si plattform.

Enn så lenge så er det ein forsiktig tommel opp for TV2.

tirsdag 6. april 2010

Premier League til TV2 fra hausten av....

Premier League går no tilbake til TV2 frå hausten av, etter snart 10 år på Canal+, til manges store skrekk.

Det minner om følelsen det var når TV2 stakk av med tippekampen første gang frå NRK, det var ein institusjon som blei reve vekk frå statskanalen, og folk såg med gru på at nykommaren TV2 skulle øydelegge dette.
Når dei tok Tippeligaen i tillegg, så blei det nesten for mykje for mange.

TV2 byrja bra, med eit opplysande og i alle fall mykje mindre tabloid konsept når dei hadde fotballextra med Arne Larsen Økland og andre som greip tak i kampane og analyserte moment.

Til slutt tapte TV2 Premier League til den nye storsatsinga til Canal+, og det var sjokkstemning all over again.

I løpet av dei åra Canal+ har hatt rettigheitene så har dei faktisk klart å levere eit godt produkt. Dei har vist fleire kampar enn britane sjølv har fått sett på ein kanal, ikkje eingang Sky Sports har vist så mange live-kampar som det C+ har gjort. Dei leverer kampen, med interessante studiogjester, og kommentarar rundt. Ikkje meir, ikkje mindre. Og alle kampane som blir sendt på C+ sport plattforma er tilgjengeleg for alle som har kjøpt pakka, man må ikkje kjøpe ekstra kampar, ekstra pakker, etc. etc.

I den samme perioden har Tv2 "vidareutvikla" sitt fotballextra-konsept, og gått vekk frå Runden, Kampen, og den gode analysen, og skifta meir over til tabloid-versjonen. Korte bolkar, kjappe kommentarar frå stadionar, "interaktivitet" med publikum, og kontroversielle gjester og kommentatorar.

Men, det er vel ei trend i tida, i ei verd der Paradise Hotel og anna søppel opptar store deler av sendeflata er det ikkje plass til seriøsitet. Der skal det vere kjapp-kjapp, lettvinte meiningar, og jo meir kontrovers, jo betre.
Dette er kanskje den prisen vi må betale for å ha dette på ein reklamefinansiert kanal.

Det er tydlevis umogleg for TV2 å satse på seriøsitet ala Match of the Day på BBC, der man enkelt og greit lar fotballen komme i sentrum, flankert av opplysande (nokon gonger) og mindre opplysande informasjon, avhengig av kven som er gjester.

Ingen flåsete sms'ar, tweets, shouts, eller kva dei no brukar pengar på i TV2. (evt. tjener). Ingen Tippeliga-manager, eller andre spel som tar tid frå det dei faktisk skal rapportere om.

Det er trist og leit at det skal vere så fordømt vanskeleg å få til kvalitets-program i fotball-tv i Norge. Hadde TV2 no lagt opp til eit seriøst opplegg rundt Premier League, noko i linje med Goals on Sunday og Sunday Supplement på Sky Sports, og BBC's Match of the Day, og ikkje berre dei flåsete kjappe løysingane dei no presenterar for tippeligaen, så ville eg faktisk vore interessert i å betalt ein del for det.

fredag 29. januar 2010

iPad, iPod, iDiot...

Steve Jobs har lansert sin iPad med brask og bram og atter ein gang klart å få eit Apple-produkt til å framstå som nyvinnande og trendy, medan sanninga er at det ikkje er noko nytt, ikkje er noko spesielt mykje betre enn andre produkt i samme sjanger, snarare tvert om.

Men, sidan det er Apple, og har ein liten i i navnet, og kvite øyrepluggar, så får det enormt med merksemd og trendforskarane gir seg ende over i kollektiv orgasme.

Det er positivt at det får merksemd, for Jobs og Apple har med eitt satt fokus på noko som har vore grovt neglisjert sidan dei første elektroniske lesebretta kom for ei tid tilbake, nemleg spørsmålet om kven som eig boka du har kjøpt.
Dette har av mange blitt sett på som ein avsporing av Digital Rights Management-debatten sidan den stort sett har handla om filmar, spel og program. Men det gjeld i aller høgaste grad bøker også.

Med sentralisert styring av DRM kan Jobs og Apple, eller andre, til dømes myndigheiter, ved nokre tastetrykk kunne bestemme kva som skal vere tilgjengeleg i di bokhylle, og kva kunnskap du skal kunne få tilgang på. Dei kan fjerne heile verk, eller sende ut nye, reviderte utgåver, heilt utan at du merkar det.
Tenk litt på det der. Dei kan endre informasjonen, utan at du har blitt konsultert.

Har du kjøpt eit leksikon så er det som står der permanent. Dei kan sende ut eit suppleringsverk, som oppdaterar ny kunnskap. Men da vil det vere dokumentert at ein gang i tida, så meinte vi at løysing a var riktig, men no har vi lært at løysing b er riktig.

Historia viser oss at det er notorisk vanskeleg å kontrollere informasjon. Informasjon lever nesten sitt eige liv. Det trykte ord gjorde informasjonsspredninga nesten umogleg å kontrollere, internett bidrog til å gjere det enda vansklegare, og no skal altså drm ta kontrollen tilbake.
Den katolske kyrkja forsøkte å demme opp for reformasjonen og dei "kjetterske" tankane til Luther, Calvin og andre ved å brenne bøkene deira. Den etablerte styresmaktene forsøkte å undretrykke informasjonen frå Rousseau, Locke og dei andre tenkarane som på mange måtar trigga revolusjonane i europa på 1800-talet.
Og kanskje det mest kjende eksempelet er nazistane sine bokbål på 30-talet, der dei forsøkte å kontrollere kva som var "godkjent" litteratur og kunst.
I alle tilfella oppdaga dei at det å kontrollere informasjon er tett innpå umogleg.
Er eit verk trykt i 10.000 eksemplar må ein brenne samtlege 10.000 eksemplar for å vere sikker på å ha kontroll.

Med det nye systemet med sentralisert DRM, og lesebrett, så er det kun ei håndfull eksemplar igjen å kontrollere. Så det store spørsmålet er da, kven har rett til å kontrollere desse eksemplara?
Forfattaren? Utgivaren? Myndigheitene? eller den som har kjøpt og betalt kopien?

I ein på spissen-situasjon, der norske skuleelevar bruker iPad som lesebrett og har alle norske lærebøker styrt via eit sentralt DRM-system, så kunne "upassande" deler i norsk historie bli stroke ut på eit øyeblikk, for aldri meir å gjenoppstå. I ei framtid der til dømes høgreorienterte tok makta ville kanskje historia om landssviket bli redigert. Eller om den mørkeraude kanten skulle ta makta, så ville kanskje historia om Stalin bli redigert til det ugjenkjennelege.

Elektroniske utgåver av publiserte verk er nok komme for å bli, og det har nok sin nisje i markedet. Men all den tid eg ikkje kan lagre min eigen kopi som eg har 100% kontroll over, så er eg skeptisk. Til nød kan eg nok etterkvart gå med på å lese aviser og blader på slike brett.
Men ein ting er sikkert, bøkene mine får de aldri!!

tirsdag 11. november 2008

Mitt lille land...

Dokument 2 kunne i går vise bilder fra norske reve- og minkfarmar tatt av dyrevernaktivistar, der man kunne sjå dyr med avbitte øyre, skadar på hals, labbar og hale, og dyr i kummerlige forhold.

Det er så til å bli eitrande forbanna over, og eg satt med ei tåre i augekroken når eg såg reven som stod nedsøla i skitt og klynka inne i det trange buret. Der og da satt eg med ein følelse av at INGEN kunne synes at pelsdyrhold var akseptabelt.

Ein dag seinare har eg fått litt meir perspektiv på ting. Eg er framleis ambivalent i forhold til pelsdyrhold, men la oss sjå litt på ting:

1. Det er godt dyrehold, og det er dårlig dyrehold.

Det vi såg fokusert på i går var dårlig dyrehold. Om dyra er høner, revar, eller kyr, er ein sidediskusjon. Det er like ille å sjå vanskjøtte hestar eller storfe, og det skjer oftare enn vi kanskje likar å tru. Men rev er eit hundedyr, og vi ser kanskje på Dokument2 med fjernkontrollen i den eine handa, og klappar Fido på hovudet med den andre. Det er lett å få ekstra sympati for reven.

DÅRLIG dyrehold er uakseptabelt, og må få konsekvensar for dei som bryt forskriftene.

2. Mattilsynet hadde i følge TV2 hatt inspeksjonar på 15% av pelsfarmane i fjor.

Dette er eit alt for lågt tal for meg. Ein bransje som det så lett vil bli negativt fokus på burde SJØLV gå innfor at det burde bli det dobbelte antallet inspeksjonar, og aller helst i offentlegheit.

3. Pelsdyrhold er ei viktig tilleggsnæring for jordbruket i Norge (i følge ministeren)

For ein del bruk så er altså det økonomiske ein viktig faktor i dette.
For meg er det mindre viktig, for i følge dei økonomiske realitetane så er ikkje dei fleste bruka i Norge levedyktige i utgangspunktet, sidan dei treng subsidiar.

Eg må seie at eg er veldig einig med den haldninga som dei danske politikarane gav uttrykk for etter at dei hadde vore på sin inspeksjonstur på dei danske revefarmane; regelverket må ta utgangspunkt i dyras velferd. Dersom det skulle føre til at det blir ulønnsomt å drive med pelsdyr, så får det heller vere! Det vil da bli pelsdyrbransjens valg om dei vil heve utsalgsprisane på skinna for å dekke dei ekstra kostnadane, og i siste instans, forbrukarane sitt valg om dei vil betale det det kostar. Vil forbrukarane ikkje det, så blir pelsdyrfarmane nedlagt.

Danmark og Nederland har komme fram til at det er uforenelig med det overnevnte prinsipp å drive revehold. Reven er eit sosialt dyr, streifdyr, og eit dyr som lever under jorda, og som har naturlig trang til å grave. Godt dyrehold vil etterstrebe eit så normalt liv som mogleg for dyra.

Så ER det mogleg å ha eit normalt liv for ein rev i bur?
Eg tvilar. Med mindre buret er 10 kvadratkilometer stort, står rett på bakken utan golv, og har plenty av gnagarar, fuglar og anna naturleg bytte for reven...

Det er sjølvsagt grader av ubekvemheiter som alle dyr i fangenskap har. Dei revane som vart filma på "mønsterbruket" som pelsdyrnæringa sendte TV2 til såg ikkje verken vanstelte eller særleg ulykkelige ut. Så det finnes nok dei som gjer dette på ein "riktig" måte.

Men.... eg er framleis opprørt og i tvil om det burde vere lov...