iPad, iPod, iDiot...

Steve Jobs har lansert sin iPad med brask og bram og atter ein gang klart å få eit Apple-produkt til å framstå som nyvinnande og trendy, medan sanninga er at det ikkje er noko nytt, ikkje er noko spesielt mykje betre enn andre produkt i samme sjanger, snarare tvert om.

Men, sidan det er Apple, og har ein liten i i navnet, og kvite øyrepluggar, så får det enormt med merksemd og trendforskarane gir seg ende over i kollektiv orgasme.

Det er positivt at det får merksemd, for Jobs og Apple har med eitt satt fokus på noko som har vore grovt neglisjert sidan dei første elektroniske lesebretta kom for ei tid tilbake, nemleg spørsmålet om kven som eig boka du har kjøpt.
Dette har av mange blitt sett på som ein avsporing av Digital Rights Management-debatten sidan den stort sett har handla om filmar, spel og program. Men det gjeld i aller høgaste grad bøker også.

Med sentralisert styring av DRM kan Jobs og Apple, eller andre, til dømes myndigheiter, ved nokre tastetrykk kunne bestemme kva som skal vere tilgjengeleg i di bokhylle, og kva kunnskap du skal kunne få tilgang på. Dei kan fjerne heile verk, eller sende ut nye, reviderte utgåver, heilt utan at du merkar det.
Tenk litt på det der. Dei kan endre informasjonen, utan at du har blitt konsultert.

Har du kjøpt eit leksikon så er det som står der permanent. Dei kan sende ut eit suppleringsverk, som oppdaterar ny kunnskap. Men da vil det vere dokumentert at ein gang i tida, så meinte vi at løysing a var riktig, men no har vi lært at løysing b er riktig.

Historia viser oss at det er notorisk vanskeleg å kontrollere informasjon. Informasjon lever nesten sitt eige liv. Det trykte ord gjorde informasjonsspredninga nesten umogleg å kontrollere, internett bidrog til å gjere det enda vansklegare, og no skal altså drm ta kontrollen tilbake.
Den katolske kyrkja forsøkte å demme opp for reformasjonen og dei "kjetterske" tankane til Luther, Calvin og andre ved å brenne bøkene deira. Den etablerte styresmaktene forsøkte å undretrykke informasjonen frå Rousseau, Locke og dei andre tenkarane som på mange måtar trigga revolusjonane i europa på 1800-talet.
Og kanskje det mest kjende eksempelet er nazistane sine bokbål på 30-talet, der dei forsøkte å kontrollere kva som var "godkjent" litteratur og kunst.
I alle tilfella oppdaga dei at det å kontrollere informasjon er tett innpå umogleg.
Er eit verk trykt i 10.000 eksemplar må ein brenne samtlege 10.000 eksemplar for å vere sikker på å ha kontroll.

Med det nye systemet med sentralisert DRM, og lesebrett, så er det kun ei håndfull eksemplar igjen å kontrollere. Så det store spørsmålet er da, kven har rett til å kontrollere desse eksemplara?
Forfattaren? Utgivaren? Myndigheitene? eller den som har kjøpt og betalt kopien?

I ein på spissen-situasjon, der norske skuleelevar bruker iPad som lesebrett og har alle norske lærebøker styrt via eit sentralt DRM-system, så kunne "upassande" deler i norsk historie bli stroke ut på eit øyeblikk, for aldri meir å gjenoppstå. I ei framtid der til dømes høgreorienterte tok makta ville kanskje historia om landssviket bli redigert. Eller om den mørkeraude kanten skulle ta makta, så ville kanskje historia om Stalin bli redigert til det ugjenkjennelege.

Elektroniske utgåver av publiserte verk er nok komme for å bli, og det har nok sin nisje i markedet. Men all den tid eg ikkje kan lagre min eigen kopi som eg har 100% kontroll over, så er eg skeptisk. Til nød kan eg nok etterkvart gå med på å lese aviser og blader på slike brett.
Men ein ting er sikkert, bøkene mine får de aldri!!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Debutantpost

TV2 Premier League - 6 months on.