Innlegg

Viser innlegg fra mai 21, 2007

- Norge gjør livet surt for polakkene!

Norge gjer livet surt for polakkane, skriv Aftenposten med krigstypar på nettutgåva si. Det er Fellesforbundet som meinar at informasjonsmangelen er kritisk, og at det umiddelbart bør opprettast eit polsk nettfora der dei kan legge ut all nødvendig informasjon, slik at dei polske arbeidarane som kjem til Norge kan finne alt dei treng vite om skatt, bukostnader, arbeidsmiljølov og alt anna dei måtte ha behov for. Sjølv om dette i utgangspunktet er ein idealistisk og fin ide, så må eg spørje meg litt om det har rabla heilt for Fellesforbundet her. Greit nok, polakkane er kanskje den største innvandrargruppa til Norge akkurat no, men i følge statistikken var det drøye 7000 polakkar som flytta permanent til Norge i 2006. For 7000 personar skal Norge altså bruke ressursar på å oversette lover, reglar, forskrifter, tolkningar og generell informasjon til polsk? Kvar er da grensa nedad for kven som bør få informasjonen på sitt eige språk? 6000? 3000? 500? 2? Eg flytta til Sverige i 2001, og eg...