- Norge gjør livet surt for polakkene!
Norge gjer livet surt for polakkane, skriv Aftenposten med krigstypar på nettutgåva si.
Det er Fellesforbundet som meinar at informasjonsmangelen er kritisk, og at det umiddelbart bør opprettast eit polsk nettfora der dei kan legge ut all nødvendig informasjon, slik at dei polske arbeidarane som kjem til Norge kan finne alt dei treng vite om skatt, bukostnader, arbeidsmiljølov og alt anna dei måtte ha behov for.
Sjølv om dette i utgangspunktet er ein idealistisk og fin ide, så må eg spørje meg litt om det har rabla heilt for Fellesforbundet her.
Greit nok, polakkane er kanskje den største innvandrargruppa til Norge akkurat no, men i følge statistikken var det drøye 7000 polakkar som flytta permanent til Norge i 2006.
For 7000 personar skal Norge altså bruke ressursar på å oversette lover, reglar, forskrifter, tolkningar og generell informasjon til polsk?
Kvar er da grensa nedad for kven som bør få informasjonen på sitt eige språk? 6000? 3000? 500? 2?
Eg flytta til Sverige i 2001, og eg fekk ikkje noko informasjon på Norsk. Eg flytta til Irland i 2004, og ikkje fekk eg noko Norsk informasjon da heller.
"Ja, men du fekk det jo på Engelsk" - kan eg høyre deg seie. Jepp. My point exactly.
The information for Sweden and Ireland is available in English, and so is the Norwegian information.
Dei 36.000 som fekk arbeidstillatelse i Norge i 2006 er ein litt anna historie. Dei er sesongarbeidarar, og formidla til arbeidsgivarar via ulike byrå og mellomledd, og her er det heilt klart arbeidsgivarar og byråa som er ansvarlege for informasjonen.
Norges Lover, med forskrifter og regulativ er tilgjengeleg fra http://www.lovdata.no/info/lawdata.html og fra departementa sine nettsider. Dei Norske ambassadane i utlandet har også mykje informasjon og linkar tilgjengelige for folk som har behov for det.
Og det er eit poeng å påpeike at den Polske ambassaden i Norge meinar at det er den enkelte sitt eige ansvar å syte for at man har den nødvendige informasjonen og kunnskapen før man flyttar.
Misforstå meg rett, det er ingen dum ide å samle all nødvendig informasjon på ein plass. Såvidt eg veit har vi alt byrja på det. NAV, Norge.no, og etterkvart dette "min side"-prosjektet er eksempel på det. Og både NAV og Norge.no er tilgjengelige på Engelsk.
Så vi har alt samla all nødvendig informasjon. Vi har gjort all nødvendig informasjon tilgjengeleg på Internett. Men vi har ikkje skreve det på polsk.

Kommentarer