Dra meg nå baklengs inn i framtida...
Etter å ha budd i Irland i tre år har eg omsider møtt på den katolske kirka og den makt den har i samfunnet her. "Miss D", ei 17 år gammal irsk jente har som så mange andre irske unge jenter gått hen og blitt gravid. Ingenting nytt eller unormalt der. Men denne unge jenta har fått ei vordande mor sine verste mareritt kasta i ansiktet. Fosteret ho bær på er underutvikla, og manglar ein del av hodeskallen, hjernen og andre vitale organ. Legane anslår at barnet maksimalt kan leve i tre døgn utanfor livmora. Ein skulle tru at dette var ei sak det kunne gå an å gjere noko med. Utan å ta stilling til spørsmålet om sjølvbestemt abort, så burde dette vere eit særtilfelle som tillet abort. Jenta er no fire månader ute i svangerskapet, og utan å vere nokon ekspert på svangerskapsforløp eller kvinneplager, så tør eg påstå at dei siste 5 månadane er fysisk meir belastande enn dei første 4, og når man da i tillegg legg på den mentale belastninga det er for ei 17 år gammal jente å bære f...