Dra meg nå baklengs inn i framtida...

Etter å ha budd i Irland i tre år har eg omsider møtt på den katolske kirka og den makt den har i samfunnet her.

"Miss D", ei 17 år gammal irsk jente har som så mange andre irske unge jenter gått hen og blitt gravid. Ingenting nytt eller unormalt der. Men denne unge jenta har fått ei vordande mor sine verste mareritt kasta i ansiktet. Fosteret ho bær på er underutvikla, og manglar ein del av hodeskallen, hjernen og andre vitale organ.
Legane anslår at barnet maksimalt kan leve i tre døgn utanfor livmora.

Ein skulle tru at dette var ei sak det kunne gå an å gjere noko med.

Utan å ta stilling til spørsmålet om sjølvbestemt abort, så burde dette vere eit særtilfelle som tillet abort. Jenta er no fire månader ute i svangerskapet, og utan å vere nokon ekspert på svangerskapsforløp eller kvinneplager, så tør eg påstå at dei siste 5 månadane er fysisk meir belastande enn dei første 4, og når man da i tillegg legg på den mentale belastninga det er for ei 17 år gammal jente å bære fram eit barn ho veit vil dø umiddelbart etter fødsel, så er det alt anna enn humant å nekte ho denne aborten.

Kvinner flest som søker ei slik løysing reiser stort sett stille og rolig til England og får inngrepet utført der.

Denne saka er no blitt ganske stor her borte, og jenta har gått til rettsapparatet for å få hjelp.
Først og fremst fordi ho blei fortalt på sjukehuset av dei som undersøkte ho at ho ville bli nekta utreise til England og at ho ville bli arrestert av Garda dersom ho forsøkte på det. Dette er noko Garda (Politiet) hverken har makt eller myndigheit til å gjere.

Så slik er altså stoda her borte. Man har mørkemenn og fundamentalistar som truar 17 år gamle jentebarn til å føde døde barn, og truar dei med helvete, skjærsild og det litt meir håndgripelige Garda Síochána for å få dei til å gjere som kyrkja vil.

Abort-spørsmålet er eit vanskelig spørsmål uansett korleis man snur og vender på det, men her er det ikkje spørsmål om sjølvbestemt abort, eller å åpne for at man kan fjerne foster fordi man ikkje likar krølla hår eller oppstopparnase.

Her handlar det om livskvalitet, for mor OG barn.
Eit barn født utan moglegheiter til å leve kan knapt seiast å ha livskvalitet i det heile, og da må mors livskvalitet telle høgast.

Ein får håpe at fornuften sigrar i dette tilfellet, og at det ikkje blir slik at denne jenta må lide seg gjennom eit fullt svangerskap for å føde eit barn ho likevel må la dø.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

iPad, iPod, iDiot...

Debutantpost

TV2 Premier League - 6 months on.