Innlegg

Viser innlegg fra august, 2011

Crash and Burn - norske lag si europacup-erfaring.

Europacupane er ikkje eingang komme ordentleg i gang men alle dei norske laga har styrta brennande ut av turneringane. Sjølv vårt eingang så solide flaggskip Rosenborg er no trygt tilbake i den solide norske tradisjonen, og rauk ut mot obskur motstand. Aalesund, som lenge såg ut til å klare det dei andre ikkje klarte, gjekk ut med stygge siffer. Og ikkje før alle dei norske laga har vendt heim med halen mellom beina så kjem den nødvendige, viktige og akk så einspora debatten om Norsk Toppfotball(tm) og kvaliteten på laga i Tippeligaen. Først ute var Nils Johan Semb, som seg hør og bør, sidan han er Toppfotballsjef, med ansvar for kvaliteten. Han hevdar at antall lag i Tippeligaen er årsaken, vi må tilbake til 12 lag. Dette vil føre til ei spissing av kvaliteten og derved gjere dei beste laga betre. Vi må sjå til Skottland, Austerrike og Danmark, og kopiere deira seriesystem, med færre lag og gjerne trippel serie. Deretter har dei komme i tur og orden. Dag Eilif Fagermo har ei a...