Artikkelen "Det sureste tapet" og etterfølgande debatt
Omlag like sikkert som at vinter lakkar mot vår, så er det unge gutar og jenter som etter ein lang vintersesong med ski eller handball no byrjar å glede seg til graset blir grønt og dei igjen kan behandle ball slik den skal behandlast! Med føtene. Og dessverre, like årvisst er det og at det kjem slike historiar som dei som har komme i kjølvatnet av journalist Sissel Wessel-Hansen sin kommentar i Nordlys: Det sureste tapet og oppfølgingsartikkelen i Nettavisen: Foreldre og trener plukket ut de beste guttene – og reiste på turnering i all hemmelighet . Dette er dessverre ein realitet for mange lag og spelarar ute i lag over heile landet, at man blir offer for skjæringa mellom ønsket om å produsere den beste spelaren, og det å produsere flest mogleg spelarar. Overambisiøse foreldre, trenarar med hemmelige draumar, og klubbar med uklare prioriteringar, er berre noko av det som spelar inn. Noko av det viktigaste ein kan få hamra inn i hovudet på alle dei trenarane og foreldrene som j...