FRP vurderer folkeavstemning om Nynorsk
Toleransen og openheita til eit samfunn kan ofte målast i korleis det oppfører seg mot sine minoritetar. Det er ikkje fleirtalet som treng beskyttelse i eit ope samfunn, det er mindretalet. Dersom dei verkeleg var så fast bestemt på at man kun skulle ha eitt skriftspråk her i landet, så kan dei gjere denne folkerøystinga enkel: Alternativ 1: Behalde dagens ordning. Alternativ 2: Avskaffe sidemål heilt, men for å beskytte mindretalet så vel man nynorsk som det eine samlande skriftspråket. Det ville vore interessant å sett kor stor oppslutning FRP fekk om folkerøystinga si då. Samisk er eit urspråk, og skal sjølvsagt ikkje rørast. Forøvrig seier eg som Øverland: "Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!"