Debutantpost
Eg er slett ikkje heilt sikker på kvifor eg begir meg ut på dette, men trangen til å hive tankar ut i det store tomrommet som kalles Internet er åpenbart ei urkraft på linje med seksualdrift, menns trang til raske bilar, og ikkje minst pub-diskusjonar.
Avisene er fulle av kollektiv masturbering over det eine internett-fenomenet etter det andre. Blogspots, facebooks, beebo, blink, møteplassen, gud veit kva... for ikkje å snakke om alle video-spottane.
Det verkar som om verda er på full fart til helvete i ei handlevogn.
I mi tid som student var eit av kriteria for å vere sosial at man faktisk MØTTE andre mennesker, at man var ute på byen, på puben, at man deltok i studie-aktivitetar og at man var AKTIV. Ikkje om man hadde ein profil på den eller den sida på internett, eller om man la alle sine fadeser ut på sidene sine.
No vil sikkert kjennarar av meg påpeike at eg kastar stein i glashus her. Vi hadde eit "intranett" som vi leika oss litt med på studentblokkene der vi budde, der vi la ut diverse tull og tøys, og ein god del bilder blei delt. Men forskjellen på dette er jo at det er eit LUKKA nett, og at faren for uønska publisering er heller liten.
I dag ser det meir ut som at det er om å gjere å få sine siste fadeser på nettet fortare enn fy, slik at man kan få andre til å humre og le over dei.
Media her borte er fulle av historiar om den unge jenta som la ut invitasjon til eit "lite" party heime hjå seg. Foreldra var bortreist, og jenta såg sitt snitt til å gjere ein liten event ut av det.
Om det var tiltenkt eller ei er heller usikkert, men ho enda i alle fall opp med 200+ gjester, derav eit stort fleirtal ho ikkje kjente. Dei tok likegodt og ramponerte heile huset i slik grad at det no er ubebueleg. Dei urinerte i kleskap, spydde på mora sin brudekjole, knuste småsøskena sine leiker, og laga eit generelt kaos.
Dei fleste av oss som har vore unge og hatt heime-aleine-fest har vel ein eller anna gang opplevd at den vesle festen for deg og kompisane som du ville ha har blitt til noko litt meir, og at det har medført at eit bord har fått svimerke, eit glass er knust, eller i verste fall at det har blitt gjort litt større skade på eit inventar, som følge av at festen kom litt ut av hende.
Men her ser vi altså skyggesida av dette med å legge ALT ut på internett. Det kom folk fra den andre sida av LANDET, barn ned i 10-11 års alderen kom skitfulle til denne jenta. Bloggane til folk som var på festen beskriv no kva dei gjorde på, kor mange sexpartnerar dei hadde, og kvar.
Arrangøren av festen, ei ung goth-jente, turde ikkje å vise seg for foreldra når den brutale verklegheita gjekk opp for ho etter festen, så ho gjekk i dekning. Etter ei stund kom ho ut i offentligheit og hevda si ungdommelige uskyld, at det aldri var meininga at det skulle bli slik.
Eg trur ho så gjerne. Men ville ho vore det forutan? Tvilar. For ho kjem vel til å få enormt med "cred" for å ha arrangert "the most awsom party evah!"

Kommentarer
Greit å ha et sted å få ut all gruffen vel?
Det er dog ikke som RimoNews nei ...