Wheee, a wiiiii

Jepp. Min bedre halvdel tok meg heilt på senga her om dagen, og gjekk til innkjøp av ein Wii, og Super Mario Galaxy.
Eg blei overraska, spesielt sidan det igrunn er EG som er gameren i huset.

Wii som konsoll har igrunn aldri tiltalt meg noko særlig. Nintendo har alltid vore litt for opphengt i den pokkers barte-italienaren for meg. Med eit mogleg unntak av Zelda-spela er det knapt eit Nintendo-spel som har engasjert meg sidan Duck Hunt med IR-pistol.

Med unntak av ein kort-kort periode rundt release av Nintendo 64 for ei lita evigheit sidan, har det alltid vore PC og Playstation for min del.
Ein av dei eg delte Rimo-gang med i Molde gjekk da til innkjøp av nevnte Nintendo, og Zelda, Ocarina of Time. Med på kjøpet fekk han eit Super-Mario spel, noko som fekk ymse andre studentar til å gå Mario-amok. Sidan nevnte medstudent ikkje hadde hjerte til å seie nei til insistente bergensardamer, så fekk dei låne. I time etter time gjekk det i typiske Mario-jubelhyl, klirrelirr, pling-plong, og himmelen veit kva for nokre lydar.
Aversjonen mot Nintendo og Mario blei ikkje betre av det...

Eg gjekk heller og sysla med tanken på å kjøpe meg Playstation 3. Det er ein stadig tilbakevendande tanke, den dukkar opp omtrent like ofte som det kjem nye versjonar av Gran Turismo.
Men her kom altså min bedre halvdel meg i forkjøpet.

Og bra var det. Wii Sports er eit genialt spel å legge ved konsollen, det får deg fort ut av den noko pinlige følelsen man får av å stå og svinge ein kvit, noko klumpete og ukonsollaktig kontroller vilt rundt i lufta.
Tennis og Bowling er heilt ypperlig moro.
I tillegg har Wii Sports ein funksjon som "måler" fitnessen din. Eg kom heller skralt ut der, og eg måtte vel med litt gråt og tenners gnissel innrømme at den hadde rett.

Så. Kva gjer man når man er litt(?) ute av form, og det er ein ny spelkonsoll i hus? Normalt ville ikkje dette vore noko drømmekombinasjon. Men no er det! For no er Wii Fit i hus!
Eit stort, tungt og stødig balansebrett (sjølvsagt trådlaust) og ein personlig Mee-trenar som er like gnagande og irriterande som alle dei såkalla "personlige" trenarane eg har hatt på diverse gyms opp igjennom åra.

Softwaren er ganske god. Kor effektive øvelsane og treninga er vil tida vise. Men ein av dei tinga eg har savna mest sidan eg slutta på det forrige helsestudioet eg var medlem på, er muligheita for å følge aktivitetar, vekt og utvikling på ei enkel og oversiktlig side. Gymmen eg var medlem av brukte Fitlinxx, noko som gjorde at eg kunne følge utviklinga over web.

Wii Fit gir meg no "alt" det NAC gav meg før. Og det utan den 40-minuttars bussturen det tok meg å komme meg til NAC. Eg kan registrere utanom-nintendoiske aktivitetar, slik som til dømes sykkelturar, kokkelering(!) og spaserturar. Eg kan leike meg igjennom treningsøkter for å forbetre balanse, styrke, postitur og kondisjon. Og, eg kan få ein dagleg vurdering på korleis det går, med fargerike grafar som viser om formen går opp, eller ned.

Så no har sixpack'en ingen unnskyldning lenger, og den bør jaggu berre sjå til å komme seg fram i dagslyset snabbast råd.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

iPad, iPod, iDiot...

Debutantpost

TV2 Premier League - 6 months on.