Innlegg

Viser innlegg fra 2007

- Norge gjør livet surt for polakkene!

Norge gjer livet surt for polakkane, skriv Aftenposten med krigstypar på nettutgåva si. Det er Fellesforbundet som meinar at informasjonsmangelen er kritisk, og at det umiddelbart bør opprettast eit polsk nettfora der dei kan legge ut all nødvendig informasjon, slik at dei polske arbeidarane som kjem til Norge kan finne alt dei treng vite om skatt, bukostnader, arbeidsmiljølov og alt anna dei måtte ha behov for. Sjølv om dette i utgangspunktet er ein idealistisk og fin ide, så må eg spørje meg litt om det har rabla heilt for Fellesforbundet her. Greit nok, polakkane er kanskje den største innvandrargruppa til Norge akkurat no, men i følge statistikken var det drøye 7000 polakkar som flytta permanent til Norge i 2006. For 7000 personar skal Norge altså bruke ressursar på å oversette lover, reglar, forskrifter, tolkningar og generell informasjon til polsk? Kvar er da grensa nedad for kven som bør få informasjonen på sitt eige språk? 6000? 3000? 500? 2? Eg flytta til Sverige i 2001, og eg...

Dra meg nå baklengs inn i framtida...

Etter å ha budd i Irland i tre år har eg omsider møtt på den katolske kirka og den makt den har i samfunnet her. "Miss D", ei 17 år gammal irsk jente har som så mange andre irske unge jenter gått hen og blitt gravid. Ingenting nytt eller unormalt der. Men denne unge jenta har fått ei vordande mor sine verste mareritt kasta i ansiktet. Fosteret ho bær på er underutvikla, og manglar ein del av hodeskallen, hjernen og andre vitale organ. Legane anslår at barnet maksimalt kan leve i tre døgn utanfor livmora. Ein skulle tru at dette var ei sak det kunne gå an å gjere noko med. Utan å ta stilling til spørsmålet om sjølvbestemt abort, så burde dette vere eit særtilfelle som tillet abort. Jenta er no fire månader ute i svangerskapet, og utan å vere nokon ekspert på svangerskapsforløp eller kvinneplager, så tør eg påstå at dei siste 5 månadane er fysisk meir belastande enn dei første 4, og når man da i tillegg legg på den mentale belastninga det er for ei 17 år gammal jente å bære f...

Spåkoner, framtid og anna ræl

Eg var i ferd med å rydde litt i gamle websider for å klargjere le grande relaunch, som franskmennene definitivt ikkje ville kalla det, og kom over eit lite utbrudd eg skreiv akkurat idet eg var iferd med å flytte fra Sverige til Irland. Til glede (?) for nye og gamle lesarar: 22. may 2004. I've been living abroad for two years now, and I'm about to move to Ireland, so it will most likley be at least one, two years more before I move back to Norway. IF I move back to Norway, that is... And here the other night I remembered this incident when I was about 16 years old, and it sent shivers down my spine. It was back at home, in the spring. The entire community was on it's toes, because of the upcoming fair. Every spring it is a big fair, where we celebrate the local cheese, and arrange a summer ski competition up on the mountain. The entire weekend is dedicated to food, sport and fun. And of course, every fairy with respect for itself must have a tiv...

Debutantpost

Eg er slett ikkje heilt sikker på kvifor eg begir meg ut på dette, men trangen til å hive tankar ut i det store tomrommet som kalles Internet er åpenbart ei urkraft på linje med seksualdrift, menns trang til raske bilar, og ikkje minst pub-diskusjonar. Avisene er fulle av kollektiv masturbering over det eine internett-fenomenet etter det andre. Blogspots, facebooks, beebo, blink, møteplassen, gud veit kva... for ikkje å snakke om alle video-spottane. Det verkar som om verda er på full fart til helvete i ei handlevogn. I mi tid som student var eit av kriteria for å vere sosial at man faktisk MØTTE andre mennesker, at man var ute på byen, på puben, at man deltok i studie-aktivitetar og at man var AKTIV. Ikkje om man hadde ein profil på den eller den sida på internett, eller om man la alle sine fadeser ut på sidene sine. No vil sikkert kjennarar av meg påpeike at eg kastar stein i glashus her. Vi hadde eit "intranett" som vi leika oss litt med på studentblokkene der vi budde, de...