Innlegg

TV2 Premier League - 6 months on.

I april var eg ganske kritisk til at TV2 hadde vunne retten til å vise Premier League, og at Canal+ var ute. Eg såg med skrekk fram mot ein kopi av fotballxtra-opplegget dei har rundt Tippeligaen, med flåsete kommentarar, studiovertar og gjester som var meir ute etter å skape kontroversar enn å faktisk gjere det dei skal, promotere og fronte "the beautiful game". Eg har eit par kamelar å svelge. TV2 har ikkje gått i denne fella. Endå. Dei har levert eit produkt som er godt på høgde med det Canal+ gjorde, dei har holdt det sakleg, undervisande og underhaldande. Gode studiogjester, og samarbeidet med Sky gjer at dei får godt bakgrunnstoff. Men dette er no. Dette er "First fix free, my friend".  Det gjenstår endå å sjå kva som blir resultatet når neste sesong skal rulle i gang. Vil dagens tre kampsponsorar Komplett, Chess og Dressmann bli til fire? Så fem? Seks? Vil studio-sekvensane i pausen krype nedover mot tippeligaens snitt på 1,08, eller enda verre, mot VM-...

Premier League til TV2 fra hausten av....

Premier League går no tilbake til TV2 frå hausten av, etter snart 10 år på Canal+, til manges store skrekk. Det minner om følelsen det var når TV2 stakk av med tippekampen første gang frå NRK, det var ein institusjon som blei reve vekk frå statskanalen, og folk såg med gru på at nykommaren TV2 skulle øydelegge dette. Når dei tok Tippeligaen i tillegg, så blei det nesten for mykje for mange. TV2 byrja bra, med eit opplysande og i alle fall mykje mindre tabloid konsept når dei hadde fotballextra med Arne Larsen Økland og andre som greip tak i kampane og analyserte moment. Til slutt tapte TV2 Premier League til den nye storsatsinga til Canal+, og det var sjokkstemning all over again. I løpet av dei åra Canal+ har hatt rettigheitene så har dei faktisk klart å levere eit godt produkt. Dei har vist fleire kampar enn britane sjølv har fått sett på ein kanal, ikkje eingang Sky Sports har vist så mange live-kampar som det C+ har gjort. Dei leverer kampen, med interessante studiogjester, og ...

iPad, iPod, iDiot...

Steve Jobs har lansert sin iPad med brask og bram og atter ein gang klart å få eit Apple-produkt til å framstå som nyvinnande og trendy, medan sanninga er at det ikkje er noko nytt, ikkje er noko spesielt mykje betre enn andre produkt i samme sjanger, snarare tvert om. Men, sidan det er Apple, og har ein liten i i navnet, og kvite øyrepluggar, så får det enormt med merksemd og trendforskarane gir seg ende over i kollektiv orgasme. Det er positivt at det får merksemd, for Jobs og Apple har med eitt satt fokus på noko som har vore grovt neglisjert sidan dei første elektroniske lesebretta kom for ei tid tilbake, nemleg spørsmålet om kven som eig boka du har kjøpt. Dette har av mange blitt sett på som ein avsporing av Digital Rights Management-debatten sidan den stort sett har handla om filmar, spel og program. Men det gjeld i aller høgaste grad bøker også. Med sentralisert styring av DRM kan Jobs og Apple, eller andre, til dømes myndigheiter, ved nokre tastetrykk kunne bestemme kva som s...

Mitt lille land...

Dokument 2 kunne i går vise bilder fra norske reve- og minkfarmar tatt av dyrevernaktivistar, der man kunne sjå dyr med avbitte øyre, skadar på hals, labbar og hale, og dyr i kummerlige forhold. Det er så til å bli eitrande forbanna over, og eg satt med ei tåre i augekroken når eg såg reven som stod nedsøla i skitt og klynka inne i det trange buret. Der og da satt eg med ein følelse av at INGEN kunne synes at pelsdyrhold var akseptabelt. Ein dag seinare har eg fått litt meir perspektiv på ting. Eg er framleis ambivalent i forhold til pelsdyrhold, men la oss sjå litt på ting: 1. Det er godt dyrehold, og det er dårlig dyrehold. Det vi såg fokusert på i går var dårlig dyrehold. Om dyra er høner, revar, eller kyr, er ein sidediskusjon. Det er like ille å sjå vanskjøtte hestar eller storfe, og det skjer oftare enn vi kanskje likar å tru. Men rev er eit hundedyr, og vi ser kanskje på Dokument2 med fjernkontrollen i den eine handa, og klappar Fido på hovudet med den andre. Det er lett å f...

God dag mann økseskaft!

Sommarens evinnelige transfersirkus har sannelig hatt litt av kvart å by på i år. For knapt tre veker sidan var det ikkje måte på kva Sir Alex Ferguson skulle gjere med Real Madrid, han skulle trampe hardt med foten, rope stygge ord, og kakke formannen i hodet med noko hardt, om ikkje dei slutta med å tappe opp Christiano Ronaldo. Vår skotske venn var vel så nær å få eit apoplektisk anfall som han har vore sidan vinforhandlaren ringte og sa at kassen med raudvin var forsinka. Real Madrid var så frekke at dei la inn eit bud på Ronaldo, og sa i avisa at dei ville kjøpe han. Manchester United avslo budet, og meinte at det var det. Sidan den gang har hans langvarige og ikkje så svært hemmelige jakt på Dimitar Berbatov fortsatt med aukande styrke. I går gjekk Sir Alex Ferguson ut og sa at Manchester Utd. hadde lagt inn eit bud på Berbatov, og at det burde vere det. Da burde dealen vere i orden. At Spurs ikkje aksepterte budet er ein liten detalj som ikkje har noko med saka å gjere, forstår...

Wheee, a wiiiii

Jepp. Min bedre halvdel tok meg heilt på senga her om dagen, og gjekk til innkjøp av ein Wii, og Super Mario Galaxy. Eg blei overraska, spesielt sidan det igrunn er EG som er gameren i huset. Wii som konsoll har igrunn aldri tiltalt meg noko særlig. Nintendo har alltid vore litt for opphengt i den pokkers barte-italienaren for meg. Med eit mogleg unntak av Zelda-spela er det knapt eit Nintendo-spel som har engasjert meg sidan Duck Hunt med IR-pistol. Med unntak av ein kort-kort periode rundt release av Nintendo 64 for ei lita evigheit sidan, har det alltid vore PC og Playstation for min del. Ein av dei eg delte Rimo-gang med i Molde gjekk da til innkjøp av nevnte Nintendo, og Zelda, Ocarina of Time. Med på kjøpet fekk han eit Super-Mario spel, noko som fekk ymse andre studentar til å gå Mario-amok. Sidan nevnte medstudent ikkje hadde hjerte til å seie nei til insistente bergensardamer, så fekk dei låne. I time etter time gjekk det i typiske Mario-jubelhyl, klirrelirr, pling-plong, og ...

No updates are better than crap updates

Skulle tru det var eit visdomsord. Slett ikkje sikker. :)